logo

Home Mål og meining
Skriv ut E-post

Ny og oppdatert utgåve som byggjar på norskplanen i Kunnskapsløftet.

Denne arbeids- og studieboka i nynorsk sidemål er ikkje heilt som andre, sjølv om ho òg inneheld ei mengd med utfyllingsoppgåver og strukturøvingar.

Bakgrunnen for å lage boka var eit ønske om å få meir ut av dei timane ein bruker til undervisning i nynorsk ved å kople språktreninga direkte til fagstoffet. Moderne skrive- og læringsteori legg stor vekt på at læring gjennom skriving er særs effektivt. Målet er at elevane skal arbeide med både nynorsk språk og sentralt fagstoff samstundes, med andre ord at dei bruker sidemålet i meiningsfulle samanhengar.

I første halvdelen av boka finn ein nynorsk språklære. Det er laga øvingar til alle viktige grammatikkmoment. Substantiv og verb har eigne kapittel for utdjuping. Utfyllingsoppgåver kan ikkje gi fullgod læring; det gjer berre aktiv og meiningsfull bruk av språket i produksjon av eigne tekstar. Ein kan derfor veksle mellom øvingar i grammatikk-kapitla og øvingar i fagstoffet.

I andre halvdelen av boka finn ein kapittel om nokre av dei mest kjende forfattarane og dei viktigaste periodane i språk- og litteraturhistoria laga som nynorskøvingar. Her er det frie attgjevingar, samandrag, omsetjingar og andre oppgåvetypar som gir både språktrening og gjennomgåing av fagstoff. Det er òg eit eige kapittel om tekstoppgåver. I desse kapitla, som i boka elles, er det lagt vekt på det visuelle for å gi betre oversikt og dermed gjere læring og repetisjon lettare.

For at innlæringa skal bli god, er det viktig å leggje vekt på etterarbeid og retting. Det er laga fasit til mest alle øvingane.

Bruker ein boka slik, vil arbeidet mot målet om god meistring av normert nynorsk som sidemål kunne bli meir meiningsfylt og effektivt, både for eleven og læraren, og nynorsklæringa blir ein naturleg og integrert del av heile norskopplæringa.

 

 

 

Design: Wenche I. Nilsen © 2009 Høyskoleforlaget.